Forsiden > Regional litteratur > Teigen, Håvard og Ottesen, Svein Johs (red.): ‘Meg kan ingen grava ned’ – Artiklar om Tor Jonsson

Klikk for større bilde

Teigen, Håvard og Ottesen, Svein Johs (red.): ‘Meg kan ingen grava ned’ – Artiklar om Tor Jonsson


Kr 285,00
Beskrivelse

‘Meg kan ingen grava ned’ – Artiklar om Tor Jonsson
Redigert av Håvard Teigen og Svein Johs Ottesen

Tittelen på denne boka er henta frå diktet «Den ukjende», som står i samlinga Ei dagbok for mitt hjarte, utgjeven etter at Tor Jonsson gjekk bort i 1951. I den siste strofa seier diktar-eget: «Meg kan ingen grava ned. Det er ingen som har kjent meg». At Tor Jonsson var eit uvanleg samansett menneske, kan mange av venene stadfeste. Det same kan seiast om forfattarskapen, i alle fall når vi tenkjer på den stutte tida Tor Jonsson var aktiv som diktar, forfattar, journalist og skribent. Han skreiv tekstar i ei rekkje sjangrar, og dei dekkjer eit vidt spekter av tema. Her er skarpt formulerte meiningsytringar, her er vare sentrallyriske dikt om kjærleik, liv og død. Mange tekstar er tett knytte til tida og situasjonen dei vart til i, andre er like aktuelle i dag. Kvaliteten kan variere, både i lyrikken og prosaen, men i båe hovudsjangrane er det tekstar som mange meiner er mellom det beste som er skrive på norsk.  

‘Meg kan ingen grava ned’ – Artiklar om Tor Jonsson inneheld 18 tekstar som handlar om forskjellige sider ved livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Elleve er nyskrivne eller omarbeidde for denne boka. Dei tek til dømes for seg Tor Jonsson som samfunns- og bygdekritikar, og drøftar korleis omgrepet «bygdedyret» er blitt knytt til Tor Jonsson. Andre artiklar samanliknar Tor Jonsson med Alf Prøysen og dreg parallellar og peikar på skilnader mellom han og  mellom han og  Aasmund Olavsson Vinje. Tor Jonsson i høve til norsk minne- og skriftkultur er eit anna perspektiv. Vidare handlar det om Tor Jonssons retoriske landskap, om mor/barn-tematikken og om andre sentrale emne i den lyriske diktinga.
Dei sju siste bidraga er eldre tekstar der samtidige forfattarar, skribentar og forskarar skriv om livet og forfattarskapen til Tor Jonsson. Mange av desse hadde eit personleg forhold til han. Ottar Brox har skrive etterordet i boka. 

Boka er redigert av Håvard Teigen, som er professor ved Høgskolen i Innlandet og leiar av Tor Jonsson-laget, og Svein Johs Ottesen, omsetjar og tidlegare kulturjournalist og kritikar i Aftenposten.